NATOs flybensin på det etniske Balkan-bålet vitnar om den dårskap alliansen er i stand til å oppvise i ein situasjon som kravde statsmannskunst, dvs. reflektert krisehandtering. Noreg legitimerer handlinga og er medansvarleg. Norske NATO-politikarar er fangar gjennom systemtvangen. Dei har berre eitt alternativ i ein slik situasjon: å slå ring om dårskapen, stemme i med amen når dei toneangivande har lese sitt militære fadervår. NATO-solidariteten krev det om ein så "må" bombe motparten attende til for eksempel året 1389. "Credibility" heiter det med ei omskriving frå NATO-terminologien. Statuering av eksempel med global resonans er pedagogisk viktig for Pax Americana.
Skulle ein likevel våge å vere så lite faghistorisk seriøs som å spørje om det stundom kanskje går ein nemesis også gjennom historia? Er vi i det vidare tidsperspektivet vitne til eit gedigent sjølvskot? Er NATO-politikarane eigentleg også i ferd med å bombe sin eigen allianse, i det minste strategien til det nye – "out-of-area" – NATO? Mens bombene i skrivande stund framleis fell, aukar øydeleggingane, lidingane og flyktningstraumen. Ein får i det minste vone at Balkan-bålet ikkje blir større også geografisk. Noreg er ein av fyrbøtarane, om enn ikkje den ivrigaste. Men vi er då med på laget – solidariske som vi må vere? skriver Oddbjørn Melle.
Les mer